Eg hadde englevakt

 

 

Mitt bloggfravær har vel egentlig ingen anna grunn enn at eg har vert veldig sliten etter oppstart på jobb etter ferien. Begynte med nattevakter og berre det krever sitt:-) Eg var også med i ei bilulykke på Mandag.

Eg var på jobb og skulle ut å hjelpe ein brukar vi har. Eg skulle til Nordstrand, så eg måtte køyre brynstunellen. Der var køyreretningen våres stengt, så det var kolonnekøyring i motgåande køyrefelt. Litt kø, litt køyring, litt kø og litt køyring. Rett før tunellen har vi ein fart på 40-50 km/t med god flyt. Også er det stopp igjen. Eg bremsar heilt opp med god klaring til han forrann meg. Det får ikkje bilen bak med seg, så han køyrer rett inn i bilen min bak og min bil skyves fram i den forrann. Og med ein anslått fart på 40 km/t er dette ein kraftig smell. Eg blir bevisstløs og våknar av at politi, brann og ambulanse er på stedet. Eg huskar ikkje navnet mitt eller ka dato det er. Eg veit heller ikkje ka som har skjedd og begynner å kaste opp og skjelve. Puls på 180. Eg blir frakta med ambulanse ned på legevakta. Kastar opp som ein gris i ambulansen og får frostanfall. Antagligvis adrenalinkick. 

Airbagen var ikkje utløst og eg traff derfor rattet med ansiktet. Og ja, eg hadde bilbelte på meg:-) 

Heldigvis går det veldig bra. Eg får roa meg ned nede på legevakten og CT viser ingen blødning i hovet. Eg er fortsatt svimmel og føler eg går på puter og hoveverk. Nakkesleng og hjernerystelse gjekk eg ut av legevakten med og med godt skriv ka eg skulle gjere den natta. Samboeren min måtte vekke meg kver time. 

Eg såg på bilen igår og fekk litt sjokk kor store skadar det var på den. Bilen var klemt heilt inn til baksetet. Så hadde bilen som traff meg hadde hatt litt større fart hadde eg sannsynligvis blitt klemt. 

Brukeren eg skulle ut til fekk hjelp av ein anna kollega, det var vel det eg var mest opptatt av:-) 

 





 

Eg har det veldig bra og er glad for at det ikkje gjekk værre. Eg har nemlig tusen ting eg skal på denne jord før eg forlatar den♥ Så det var ikkje min tur denna gangen heldigvis.

 

//AMALIE//



 

Idag har eg blitt fadder

 

 

No er eg komt heim fra Filippinene og har med handa på hjertet hatt ein heilt fantastisk ferie♥ Eg jobbar med jetlagen enda ;-)

 

Dette inlegget er IKKJE sponsa, men skrevet av heilt fri vilje og engasjement.

Den nest siste dagen vi var der, var vi innom ein barneheim. Eigaren av heimen er ein eldre mann, Finn og kjem fra Skien i Norge. Med eit tett samarbeid med det Filippinske barnevernet, er han med på å hente ungar fra slummen og sørger for at dei får eit bedre liv. 

Dei har fokus på å hjelpe underpriviligerte ungar med blant anna mat, kle, medisinar, operasjoner og skulegang, uavhengig av barnets rase og religion.
I November 2012 åpnet dei sitn første barneheim, House of Dreams som dei er veldig stolte av. 

Deiras visjon er å hjelpe så mange barn som mulig til å få en bedre og tryggare kverdag.
Dei vil gi ungane utdannelse, oppfylle deiras ønsker og drømmer, og la dei få et fullverdig liv. Besøket gjorde eit sterkt inntrykk på oss og kver og ein unge har ulik bakgrunn. 

 

For at det skal gå rundt er barneheimen avhengig av oss som kan støtte dei. Det er mykje dei trenger for å nå måla sine. Og sjølvom kjærlighet og omsorg er første pri, er det ikkje til å stikke under ein stol at dei er avhengige av at økonomien går rundt slik at ungane kan få det dei trenger og vokse seg sterke, friske og med utdannelse. 

Eine gutten som bur der blei funnen på sjukehustrappa i ein papirpose. Nyfødt og uønska ... og forlatt.

Ho eine jenta som bur der datt nedi eit hol i golvet der ein tørkar kokosnøtter. Der er det så varmt nedi at treverk gløder. 70% av kroppen hennas var brent. Ingen barneheimar tok henne imot fordi dei visste at det var forferdelig dyrt å behandle, House of Dreams derimot klarte ikkje å sei nei og tok ho imot med åpne armar. Den lille jenta blei sendt på ein båt i 12 timar uten smertestillande og uten å ha bytta bandasje på 3 veker. Legane er sjokkert over at ho lever. Idag er ho på bedringens veg og sjølvom ho ikkje har tær(dei blei brent av) springer ho rundt og leikar. 

Idag er eg blitt fadder til ein av desse og det kan du også bli om du ønsker det. Du velger heilt sjølv kor mykje du vil gi i mnd ved å taste inn beløp pr mnd. Du kan også endre dette undervegs. Du får også oppdatering kver mnd fra barneheimen. 

Eg var ikkje i tvil om å bli fadder etter å ha vert der. Så lite kan forandre livet til ein person.  Du kjem innpå sida ved å trykke her! 

Viss du ikkje ønsker å bli fadder, men gi eit eingangsbeløp som støtte kan du gjere det ved å trykke her!

 





























 

Eg ville ta med alle ungane heim etter besøket♥

 

Gi meg gjerne ein lyd om du har gitt støtte, spennande å høyre:) 

 

 

Ha ein fin dag videre! 

 

 

//AMALIE//

 

 

ny veke, ny øy

 

 

Idag sto vi opp 04 30 for å reise til ei ny øy. Det tok 45 min med bil, så 2 timar med båt også 40 min med bil. Vi var først på river cruising med lunsj og såg på pittesmå apa - tarsier, noke så søtt! Det heiter foressten spøkelseape på Norsk. Båten stoppa på ein liten plass med ei flyteøy i elva. Der blei meg og bror min dradd inn i ein liten konsert med gamle og unge. Også skulle vi hoppe mellom bambusstamma på bakken med ungane. 

Vi kom ved solnedgang til resorten, heilt nydelig! Vi tok eit kveldsbad og noken pils i barpoolen ved happyhour. Det er så billig her! 10 kr for 1 øl. Farlig ;-) Så imårra står ein ny dag med sol for tur og ei ny øy å utforske. Eg kunne vert her i to veker til, tiden går altfor fort! Best å nyte det menst ein kan♥

 































 

 

HA EIN FIN DAG VIDERE ! ♥

 

 

//AMALIE//

 

Mitt livs sterkaste opplevelse

 

 

Eg skulle av å kjøpe meg solkrem idag tidlig. Eg visste ikkje heilt kor det var så eg gjekk litt rundt og såg meg rundt for å finne det. Og plutselig uten at eg visste ordet av det var eg komt inn i ein landsby. Bokstavelig talt plutselig - det kom 4 små ungar på størrelse med opp til knea mine og drog meg med inn i huset deiras. Og når eg skriver hus, er det eit knøttlite rom laga av blekkplater og rett ned på bakken. Kjøkkenet er på utsida av huset - meir presisert eit lite bål og bestikk i ei korg. Soveplassane i huset/rommet var ei tynn madrass med filler og gamle skjerf til dyne. 

Eg blei ståades ei stund berre for å realitetsorientere meg litt. Eg står faktisk midt i realiteten slik eg har sett på tv og nyhetene. Kjempefattige folkeslag som lever sammen og har ikkje noke valg enn å berre gjere det beste ut av det. Der 3-4 generasjonar lever ilag. 

Men det eg synst var så fint å sjå var ungane som leika slik eg leika når eg var 7. Dei sprang rundt og leika "sisten" eller "tikken" som eg seier. Latter og smil fra øyre til øyre. Ungar som satt sammen i rung og hadde ei tomflaske i midten og leika "flaska peiker på". 

Ungar som vaska tøy ilag og pratar og ler sammen menst dei jobbar. 

Ungar som blir uendelig glad for at du gir dei ein rød kjærlighet på pinne - ser på deg og smiler med augene. 

Eg tok bilder av dei også skulle dei sjå bildene etterpå og skreik av glede og skulle vise foreldrene og besteforeldrene bildene. SÅ fasinert av at dei kunne sjå seg sjølv på ein skjerm. Tenk deg motsetningen fra det og i Norge. Då får jo ungane panikk viss internettet er nede i 10 minutt. 

 

 

Det kom noken tårar etter å ha vert der og det gjekk litt inn på meg. Dei har det nok bra og eg trur ikkje vi er noke meir lykkelige enn dei. Men det at vi tar ting for gitt og er så kravstore i forhold til dei. Den standaren dei hadde i forhold til oss er ikkje i nærheten og kan ikkje sammenlignast. Det får meg til å tenke meir over ting og eg trur eg kjem til å sette pris på mindre ting enn det eg har gjort før denna opplevelsen - for detta er den sterkaste opplevelsen eg noken gang har hatt♥

 

 





















 

 

 

 

//AMALIE//

 

Malapasqua

 

 

Vekkerklokka ringte kl 06 idag. Sjåføren vår kom 07 og då bar det avgårde til Malapasqua. Det er ei lita øy uttafor Cebu. 4 timar i bil. Hjelpes så fort han kjørte. Det var UMULIG å få sove for å sei det slik. Der vart ein slengt vegg i mellom og måtte holde seg fast. Deretter var det 45 min med båt til øya. 

Det føles nesten uvirkelig å vere her. 2 dagar skal vi vere her og kose oss ♥ Må innrømme at eg savna kjæresten litt ... hadde vert digg å hatt han her ♥

 

 





















 

SKÅL FRA OSS ! 
 

 

 

//AMALIE//
 

05.04.2016

 

 

GOD MORGEN kjære lesarar ♥

 

No er klokka 11:35 i skrivande stund her. Eg våknar lys våken kl 08 her om morningane og føler meg skikkelig fresh, utkvilt og klar for ein ny dag. Vi har hatt ein rolig morning. Alle er solbrent og vi skal ha ein kviledag fra stranda og steiking. I mårra skal vi opp kl 06 og reise til ein Resort på Nordsida av Cebu. Der skal vi sove i 2 netter :-) Livet er fortsatt hærlig her og vi kunne ikkje hatt det bedre. 

 

 

 







 

 

//AMALIE//


 

First day in paradise

 

 

Eg tenker det at eg ikkje trenge å skrive så veldig mykje. Første dag i paradis ♥ Heilt fantastisk. After sun tuba er brukt opp og høgare solfaktor skal kjøpast idag, hehe.  VI HAR DET FANTASTISK og nyter livet fult ut. 

 

Håpar dikka har det bra også ♥

 

 



















 



//AMALIE//


 

FRAMME I CEBU

 

 

Då var vi komt fram til Cebu. For ein plass og for ein varme! Det er så deilig å kun gå med shorts og tynn topp midt på natta. 

 

Eg er heilt fasinert over korleis kulturen er her. Og litt sjokka faktisk. Det er mykje meir fattigdom enn eg hadde trudd. Folk bur i blekk-hus tett i tett. Så visst det blir orkan her så mista alle dei heimane sine. Folk tett i tett i gatene, små ungar som nett har lært seg å gå som går i vegen. Men faktisk så trur eg ikkje dei ungane i Norge er meir lykkelig enn her. Her leikar dei med kvarandre, mange veit ikkje ka tv og ipad er, dei spelar ballspel og gjer det ungar skal gjere. 

Vi skal besøke ein barneheim iløpet av dessa vekene og gi dei kle og masse kjærlighet og omsorg. 

Idag kom var vi på resturant og åt heilt sjuk god mat. No er det kveld her og vi skal av å ta massasje før vi skal sove ei god natt søvn.

 

























 

 

//AMALIE//

 



 

SNART HALVVEGS

 

 

Då er vi komt halvvegs på reisa. Sitter å venta på flyet til Cebu. Klokka er 01:54 her no. Vi har inntatt litt alkohol og skal prøve å snu døgnet ved å sove på flyet. Vi kjem til lokaltid 15:00 i Cebu. 

 

Vi snakkes snart ♥

 














 

DUBAI NEXT

 

 

Då er bagasjen sendt ti Cebu, vi har sjekka inn og sitter no å venta på avgang. Vi er like gira alle tre og ser fram til å komme fram. Stemningen er på topp ! 

Det er jaggu meg forskjell på pakkinga til oss jenter og bror min. Vi har svære kofferta med heilt sikkert masse unødvendig. Han har med seg lip balm, hånduk og boxer. 

 





 

Vi snakkast i Dubai før vi reiser videre til Fillipinene ♥

 

HA EIN FIN LØRDAG! ♥

 

SOMMARFUGLAR I MAGEN

 

 

 

No har eg litt sommarfuglar i magen. Reisefeberen er begynt å melde sin ankomst. Herre min FREEEED så digg det skal bli med ferie, varme, brunfarge på kroppen, lettkledd om kvelden, salt isblått hav, drite i ka klokka er, drinker på stranda, god mat med gode folk. Nyte livet rett og slett♥ gøy gøy gøy gøy gøy!

Lørdag kl 23:35 landar vi i Dubai. Reiser går videre kl 02:55 og vi landa på Cebu i Fillipinene Søndag kl 15:50. Lang reise, men eg har med meg flott reisefølge så det er ingen problem. 

Eg skal oppdatere dikka så ofte eg kan ♥ Eg er nett komt fra ei hærlig nattevakt og når eg står opp seinare idag skal eg bruke all min tid på kjæresten før eg reiser ♥ Han kan desverre ikkje vere med pga jobb. 

 

Ville berre innom for å sei hei og ønske dikka ein fin Fredag! Det er HELG!










//AMALIE//
 

VI KASTAR MAT SOM OM DET VAR DASSPAPIR

 

 

Er du ein av dei som kastar altfor mykje mat? Eg inrømmer at eg er ein av dei og det skal endrast på. Det er berre ein ting å gjere, det er å skjerpe seg og tenke over at det faktisk er MAT vi kastar. Mange hadde kjempa hardt for å fått den maten vi kastar uten å eingang vurdere det.

 For mange av oss er det ein sjølvfølge at kjøleskapet skal vere fult av utvalg med mat og når det blir gammalt hiv vi det uten dårlig samvittighet. Noken hiver det FØR eller samme dag som "best før" datoen er stempla på. 

Når det er høgtid går jo folk amokk i matbutikkane fordi det skal stenge i eit par daga. På handlevognene ser det ut som det skal bli krig og folk er skikkelig stressa. Fulle trillevogner med mat. Det er nok masse av det som kjem til å bli kasta fordi det ikkje blir rukke å ete opp. Vi er så bortkjemte at det er ein skam! Vi ana ikkje kor godt vi har det i forhold til så mange andre land. 

Eg følger med på nyhetene og får vondt langt inn i hjerterota når eg ser små ungar som dør av sult. Det får meg virkelig til å tenke og eg blir flinkare til å ikkje kaste så mykje mat. Men er bevisst på ka eg kjøper og planlegger meir når eg går på butikken. Eg er foressten medlem av "redd barna" og oppfordra deg til å bli det samme. 

 

Detta er grusomme bilder og eg advarar deg ikkje før eg viser dei fordi eg vil du skal bli litt skremt. Skremt slik at kanskje du tenker over ting. Det er det einaste eg ber om, å tenke deg om. I respekt for dei som ikkje har mat eller vatn. 

 





 

//AMALIE//

 

VINNAREN AV KONKURRANSEN

 

 

 

Eg må starte med å sei tusen takk for alle tilbakemeldinga på forrige innlegg. Det var heilt sjukt mange som las det. Mange tusen. Godt med litt støtte. Sjølvom det går veldig bra no :-) 

 

Over til vinnaren av konkurransen med putene. 

 

Gratulerer til deg ♥

 

Madeleine Holtet
27.03.2016 kl.21:18

Hei. Jeg fortjener å vinne for de siste 4 åra har det vært mye motgang med både økonomi og sykdom, I tilegg er jeg arbeidsledig akkurat nå og trenger sårt en oppmuntring :) vi skal snart flytte og vil også pynte i det nye hjemmet mitt. Krysser fingrene :) mvh Madeleine

 

Eg sender pute med innmat i mårra. 

 



 

Eg skal av å gjere siste innspurt på jobben no. 2 netter også er det avgårde til Asia♥ Eg må vel begynne å pakke snart ;-) 

 

Ha ein fin kveld, gode dikka♥

 

 

//AMALIE//

 


 

NÅR ANGSTEN TAR KONTROLL OVER LIVET DITT

 



 

 

Eg har valgt å vere heilt åpen om min historie som du no skal få høyre. Grunnen til at eg forteller detta er i hovudsak fordi eg har lyst at DU som sliter med det samme skal oppsøke hjelp slik at du kan sleppe å ha det vondt og begynne å jobbe med angsten din.  Eller viss du veit om noken, hjelp dei! For det blir ikkje bedre om du overser den, det blir enda værre. Ja, for kver gang du ignorerer og unngår angsten din, kjem den sterkare tilbake. No er det på tide at du tar kontroll over angsten din fordi den skal faen ikkje ødelegge livet ditt. For det er akuratt det den gjer. Styrer livet ditt, hindrer deg i å gjere ting du har lyst til. Eg forteller ikkje detta fordi det er synd i meg, for det er det ikkje. 

 

Her er min historie, eg skal fortelle den så godt eg kan. 

 

Eg tenker å starte med koffor eg hadde så sterk angst som eg hadde. Detta er noke meg og legen/psykiater har jobba med å få fram i lang tid.

Eg mista mamma mi i Januar 2005. Det var brutalt. Fra å vere oppegåande i Desember 04, til å bli begravd Januar 05. Ho hadde betennelse på sentralnervesystemet som var ute av kontroll. MEN, det visste eg ikkje før 3 år seinare. 

Vi spolar tilbake til høsten i 2008. Eg hadde begynt i ny jobb på ein sjukeheim og trivdes veldig der. Ei helg skulle eg til farmora mi og vi var ute å lærekjørte. Eg hadde hoveverk og spurte om vi ikkje kunne reise heim igjen. Eg la meg på sofaen og ho kom med kald klut og eit glas vatn. Ho spurte meg om eg noken gang var redd for det som hadde skjedd med mamma, om det noken gang skulle skje meg. Og då svarte eg at eg tenkte igrunn ikkje på det, fordi sannsynligheten for å få hjernekreft var liten. Ho var stille ei lang stund og seier: "men det var jo ikkje kreft mamma di døde av". Eg reagerer med å bli forbanna og irritert: "jo det var det da vel". 

Så for å gjere den lange historien kort så har eg gått rundt å trudd i mange år at mamma døde av kreft. Vi var daglig på møter med legen og hjernekirurgen om ka detta kunne vere på sjukehuset. Etter han sa ordet kreft fordi dei trudde kanskje det kunne vere svulst på hjernen, har eg gått inn i ei svart boble. Eg huskar nesten ingenting. Eg har spurt fleire ganger no i etterkant om dei er sikre på at eg var tilstede, fordi alt er svart. Eg klarte ikkje grine, mimikken min var som støpt og eg prata veldig lite. Eg huskar den natta eg var hos farmor. Eg spydde heile natta og var heilt hundre prosent sikker på at eg skulle dø av det samme. Det føles rart å skrive det no fordi det føles så uvirkelig. Det var eit helvete. 

Eg blei innlagt på sjukehus og tok mange testar. Kroppen min var i totalt sjokk. Eg fortalte det ikkje til NOKEN. Ingen i familien veit om det før det siste året. Eg avlyste alle avtalar fram i tid fordi eg trudde eg ikkje kom til å leve lenger. Eg hadde konstant hjertebank og følte eg blei kvelt når eg skulle sove. Eg var livredd for å sovne inn for godt når eg skulle sove på natta. Eg var livredd for å sette fast matbitar i halsen og bli kvelt. 

Eg tok CT og MR av hjerne, rygg osv. Tok mammografi fordi eg fekk for meg at eg hadde brystkreft. Eg måtte sjå bildene dei hadde fått på mr og ct(som naturligvis var heilt ok). Men eg var sikker på at det var noke feil med maskinene deiras. 

Masse blodprøvar og nevrologiske testar. Eg huskar legen prøvde å fortelle meg at eg var heilt frisk, men eg trudde han ikkje. Eg blei kalla for ein hypokonder. 

Det var heilt forjævlig å gå på jobb. Men eg fortalte ingen at eg sleit. Eg sleit sånn med å holde angsanfalla tilbake at eg var heilt fraværande på jobb og sjukefraværet mitt øka sikkert heile prosenten på arbeidsplassen. Eg fekk angstanfall med besvimelse 2 gangar på kort tid og dei som jobba der lurte på om eg hadde epilepsi. Eg sa fortsatt ingenting. 

Eg huska sjefen min sa at ho var så lei av at eg var så ofte sjuk. Eg skjønnar ho godt, fordi eg kunne ringe 10 min før eg skulle på jobb og sei eg var sjuk. Då sto eg på badet og skalv fordi eg trudde eg var dødane. Eg skulle jo berre ha fortalt ho problemet mitt, så hadde ho forstått. Eg fekk ofte høyre at eg var så bleik. Det var vel ikkje så rart. 

Det utvikla seg med at eg var redd for å gå i butikken. Ikkje for at folk skulle sjå på meg, ikkje sosial angst. Men fordi viss det var kø, måtte eg stå heilt iro og då var eg redd for å få angstanfall i køen. Heilt usakelige ting eg var redd for ?! Angsten fucka heilt med hjernen!

Det blei værre når eg drakk alkohol. Alkohol fremmar jo angst, men det visste eg lite om når eg var 18. Ein gang blei eg henta av politiet fordi eg låg inni ein krok og var heilt "paralysert" og berre hylgrein. Eg laug til politiet og sa eg hadde blitt dumpa slik at dei kunne køyre meg heim.

Eg fekk angst for å bli feit, så eg begynte å slanke meg. Eg gjekk ned over 8 kg på kort tid. Det utvikla ein slags spiseforstyrrelse. 

Alle dagligdagse ting hadde eg totalt angst for og eg var veldig mykje deprimert. Eg grein ofte i stillhet og aleine. Koffor fortalte eg ikkje detta til folk ? Var eg redd eg ikkje skulle bli trudd på? Var eg flau over det ? Eg veit faktisk ikkje. Eg er jo verdens mest åpne person idag så eg kan nesten ikkje tru det som står over her sjølv. 

 

Familie ringte meg jevnlig og spurte om eg hadde det bra. Eg sa jo selfølgelig alltid ja. Eg ville jo ikkje at dei skulle vite noke. Idag har eg dårlig samvittighet for det og beklagar meg til dei. Eg visste ikkje bedre då og fornekta alt.

 

Eg såg til slutt korleis detta var og åpna augene mine for meg sjølv. Eg såg på meg sjølv i speilet og sa "Amalie, du har eit seriøst problem! Du trenger hjelp". Dikka ana ikkje kor langt det satt inne å bestille legetime og fortelle at eg sliter med angst. Eg kaldsvetta og hadde puls på 200 på venterommet den dagen.

Eg fekk diagnosen panikk angst og depresjon. Eg begynte på medisiner og forebyggande behandling som samtalar. Dei samtalane har gjort meg meir åpen og ærlig om angsten min. I starten fekk eg oppgaver som å stå på t bana menst det var mykje folk der (for det var noke eg hadde skikkelig angst for). Og sjølvom eg kjendte at angsten begynte å komme skulle eg gjer dei tankeøvelsane eg hadde lært meg. 

Idag er eg SÅ glad for at eg oppsøkte hjelp! Eg har eit nytt og så mykje bedre liv. Eg setter pris på ting som eg ikkje gjorde før, vennane mine seier eg strålar. Eg har det så bra innvendig no og skulle ønske eg oppsøkte hjelp før. Eg går fortsatt på medisin, men ikkje så sterke som eg hadde. Eg var i periodar neddopa og høg på sobril. Planen er å trappe enda meir ned for så å slutte heilt. 

 

Så til deg som sliter med angst, TA TAK I PROBLEMET OG OPPSØK HJELP! Ver så snill. Eg veit det er vanskelig, men eg lovar deg at det blir bra!♥ Du fortjener ikkje at angsten skal kontrollere livet ditt. DU skal ta kontroll over angsten og be den dra til helvete! 

 

 

 

Eg har overvunne angsten og då klarar du det♥

 

Del gjerne innlegget for å nå ut til flest mulig. 

 

 

 

CHILL FRIDAG

 

 

 

Idag har vert ein perfekt fridag. Eg våkna 0830 av at minste katten hoppa meg i ansiktet. Prøvde å legge meg til igjen å sove, men ho var oppi fjeset mitt å mjaua og mala så då var det berre å stå opp. Så var det avgårde til dyrlegen for å ta påfyll av vaksina til ho minste. Etter det fekk eg frukostbesøk av min kjære bror. Då laga eg paien som eg laga her. 

Så var det våres tur til å ta påfyll med vaksine. A og B hepatitt blei påfylt så no er det berre å reise :-D 

Vi visste ikkje heilt kva vi skulle finne på etter det, så vi reiste ned til leiligheten til bror min og der fekk eg eit vaskeanfall. Han bur ilag med 3 andre gutta og det såg litt .... tja .... veit ikkje ka eg skal skrive for å ikkje vere frekk eg. Men uansett så blei alt av oppvask vaska, 2 maskiner med kle vaska, kjøkken, bad og stove skrubba og det lukta HIMMELSK der etterpå♥

Vi reiste opp til meg etterpå og han laga den beste club sandwichen ever! NAM NAM NAM! Så damer, her har dikka ein kar som er ledig og heilt RÅ på kjøkkenet;-) 

 

 

 

Når meg og minste katten hadde vert hos dyrlegen kom eg heim til detta: 



 

MAT MAT MAT 









 

 

Ha ein fin kveld mine kjære lesara ♥

 

 

//AMALIE//



 

DRØMMEN OM LANDLIVET

 

 

blir faktisk sterkare og sterkare etter kor lenger eg bur i byen. Eg trivst her i Oslo, men kjenner at eg savna landlivet. Det å kunne gå ut i hagen på morningen barbeint i graset med kaffikoppen i handa. Seine kveldar i hammocken med kjæresten som held rundt meg. Det å kunne gå lettkledd eller naken i hagen uten at noken fremmande ser deg fordi du ikkje har naboa. Det å kunne spele så høg musikk ein berre vil og synge av full hals menst ein vaskar. Det å kunne pusse opp og bråke alt ein kan uten at naboar bryr seg ... fordi ein ikkje har naboa. Det å kunne la dyra vere ute i hagen og føle seg fri. Drivhus i hagen og kaniner som hoppar rundt. Eple og plommetre i hagen . Det å kunne ha naturen rett utfor døra. DET drømmer eg om.  Det savnar eg og DET skal bli så deilig å kunne oppleve igjen. For både meg og sambuaren min er ikkje bymenneske, så det skal bli ein gledens dag når vi flyttar på landet. Eg må berre prøve å finne roen her i byen enn så lenge. Han skal ta utdanningen sin her og eg har ein kjempebra jobb rett ved leiligheta. Men avogtil får eg ein trang til å berre "ååååh" koffor bur eg ikkje på landet, koffor bur eg i byen ?! Det er midlertidig og det er eg fult klar over....eg må berre vere tålmodig. 

 











Alle bildene er tatt der sambuaren min kjem fra. 

 

Ha ein fin dag! ♥ Eg skal av å ta siste vaksine før eg reiser til Filippinene på Lørdag! æææææh, det er rett rundt hjørnet! Eg gleda meg som ein unge.

 

//AMALIE//

 

 

 

EI AV DESSE PUTENE KAN BLI DIN

 



 

viss du deltar på konkurransen her  :) Eg trekker ein vinnar som eg synst fortjener den, Tirsdag kveld kl 22.

 

Det du må gjere for å delta er: 

 

º Skriv i kommentarfeltet koffor du fortjena å vinne 

º Del innlegget på facebook

º Lik sida mi på facebook HER 

 

Eg sender deg ein mail viss du er den heldige:) Då sender eg puta med innmat i dun i posten til deg på Tirsdag!

 

 

 

 

//AMALIE//

FOR AKURATT 1 ÅR SIDAN ...

 

 

kjøpte eg mi eigen leilighet i Oslo. Eg hadde budd i kollektiv med kjæresten og 2 andre gutta i nesten 2 mnd og kjendte at no var det godt å kunne ha sitt eiget. For all del, det var kjempekoselig å bu med dei, men siden eg er litt eldre enn dei og "ferdig" med å bu i kollektiv var det godt å få sitt eiget. 

Så i eit år har vi pussa opp uten stopp. Det har vert eit spennande og kjekt år, men også slitsomt. Når eg ser tilbake på bilder ser eg virkelig kor mykje vi har gjort. Og i August i fjor blei vi sambuarar og eg har aldri hatt det bedre ♥ 

Alle rom er pussa opp og her er masse bilder fra den dagen eg tok imot leiligheta og bilder fra idag, 1 år etter :-) 

 

 















 

 

1 ÅR SEINARE 



































 

Eg er stolt av det vi har fått til ! ♥ Vi er jo det beste dreamteamet ein kunne tenke seg også, så det har gått som ein drøm !

 

Ha ein fin dag, eg må faktisk SPRINGE! Skal på jobb om 10 min!

 

 

//AMALIE//

 

 



 

Å NYTE SITT EIGET SELSKAP

 

 

*pjuh* no var det deilig å ta seg eit glas med rødt i og berre kul'an heilt. Eg har jobba 14 timar på alarmsentralen idag, så eg ganske sliten i toppen. Eg er aleine heime med kattane i påsken. Han har fri og eg sa han måtte komme seg vekk litt fra byen og tilbringe tida med familien♥Eg jobbar så mykje uansett at eg er ikkje mykje til selskap. Så det første eg gjorde når eg kom inn dørane var å skifte til behagelige kle og finne fram rødvin og litt snacks. Eller nei, eg måtte faktisk plukke og tørke OG vaske/skrubbe kattedrit først når eg tenke meg om ... ikkje heilt flink den eine katten vi har. Også skal han liksom gjømme dritten sin med å ta over eit klesplass eller lignande som ligger på badet for så og tråkke på det. mmm.

Det er rart å tenke på at før klarte eg absolutt IKKJE å vere aleine, eg stressa og klarte ikkje å roe meg liksom. No synst eg det er deilig å ha aleinetid og berre sysle på i leiligheta og gjer akuratt det eg vil, sjå på det eg vil, fise akuratt når det passa meg osv. Eg trur det er viktig å kose seg i sitt eiget selskap. Kanskje eg er blitt voksen ? Nei uff. Det kan eg aldri tenke meg.

 



 

Så eg skålar med meg sjølv ikveld. Eg kjenner det snart er natta♥ Ha ein fiiiiiin kveld vidare! 

 

//AMALIE//
 

MIDNATT KNIPSING

 

 

 

Jaja så vart det plutselig natta da. Eg pleier jo vanligvis ikkje poste ut innlegg så seint, men eg klarte ikkje å la vere å vise dikka det søte lille vitrineskapet eg har satt ihop idag. Eg måtte knipse litt bilder ikveld sjølom eg har plana om å gjer det imårra i dagslys. Bildene blir så mykje finare då. Og alt er ikkje på plass. Bildene er skeive, lednngar henger i lause lufta og ja - lampene må flyttast. 

 

 

GOD NATT ♥

 





 

 

//AMALIE//

 

OSLO BADA I SOL!

 

 

FOR ein herlig dag!♥ eg har fri og har hengt med ein god kompis, jazper. Han er fra Fillipinene og det er han vi skal reise ilag med dit om 2 veker. Han er ein sånn kompis ein kan snakke med om ALT og ingenting. Så eg anbefala alle mine jentevenner til å ha ein homofil venn, det er heilt unikt. Då kan ein spørre om tips både for sminke og om gutta ;-) 

 

Oslo bada i sol idag og vi måtte selfølgelig ut å nyte det! Lunsj ein plass deretter kaffi og vin ein anna plass. Vi har kosa oss i mange timar! Etter det var vi på Ikea, det var vel ingen bombe ... Glass skapet er allerede kjørt heim og montert så no gleda eg meg til å bli ferdig med å flytte bilder osv sånn at eg kan vise dikka. Stova blei nesten heilt ny og mykje bedre plass. Så viss du er ute etter eit stort svartbeisa vitrineskap, send meg ein mail :) 

 

 


















 

 

//AMALIE//
 

Prepare to meet Satan

 

 

 

God morgen! Eg må først og fremst fortelle at detta IKKJE er eit sponsa innlegg sjølom det kan virke slik. Detta er rett og slett eit tips fra meg til deg som er plaga med pms. Dette er altså tiden før mensturasjon.

 

I mange år har eg slitt med det. Ei veke i forkant av mensturasjon har eg vert eit h****** å omgås. Ivertfall å bu med. Eg griner og kjefta om eit an, murring i magen i maaange dagar før. Når ein først har smerter den veka det kjem så skal ein vel ikkje trenge å kjenne på murringa EI veke før ?! Hormonane løper løpsk og det er faktisk ikkje så greit å vere verken meg eller sambuaren min. Han seier at når eg er der i syklusen pleie han å lukke øyrene og la det gå ut. Haha! Det må jo vere heilt forferdelig å leve med ei som først kjeftar fordi det ikkje er tatt av bordet 2 minutt etter vi har ete også griner ho like etterpå fordi livet er kjipt. Ømme bryst og oppblåst mage følger også med. Deilig denna tida her ♥ 

 

Men eg har søren meg funne noke som fungerar! Detta er helsekosttablettar som skal stabilisere hormonane og det FUNGERAR!! Eg har gått på det i 2 mnd og har aldri før følt meg så bra som før mensen. Eg er meir glad og humøret mitt er ikkje så svingande som før, eg er ikkje så opplåst og har ikkje ømme bryst. Så detta anbefala eg virkelig. Du kan søke på produktet sjølv og lese om det. Eg tenkte "enda eit prosukt som sannsynligvis ikkje fungerar", så eg er nesten skeptisk på om det er trua eller om det faktisk fungerar. Hittil ser det bra ut! 

Det skal også hjelpe mot plagar i overgangsalderen. Det har eg ikkje heilt satt meg inn i. 

 

 

 

Ha ein fin dag ♥

 

 

//AMALIE//
 

FERDIG RESULTAT - KJØKKEN

 

 

 

Når eg viste før og etter-bilder av kjøkkenet var det litt som var uferdig. Ingen fòring og då ser det uferdig ut spørr du meg. No er det gjort og det ser mykje reinare og heilheitleg ut. 

Vi er veldig fornøyd med kjøkkenet. Det er passelig blanding mellom fint, røft og industrielt etter min smak også er det praktisk. Det er mykje meir åpent enn før og det er blitt ein del av stova.  Eg elskar å lage mat, så at eg trivst på kjøkkenet er viktig for meg. 

Det er ein mix mellom gammalt og nytt. Vask, oppvaskmaskin og ventilator er nytt, menst komfyren og platetopp er kjøpt på finn.no og er 4 år gammal. Overskapa er nye, menst underskapa er dei orginale berre malt og bytta knottar. Nye gloss fliser på vegg og gammalt ventilasjonsrør som er framme. 

 

 







 

 

//AMALIE//



 

Fridagar før rushet

 

 

Igår kveld hadde eg tenkt å legge meg litt etter samboeren min. Han står opp kl 06, så før 23 er han sovna. Men så begynte eg å søke på finn.no og då var det gjort. 03 var eg i seng. Eg har nemlig tenkt å bytte ut det svære vitrineskapet med eit lite eit slik at eg kan sette det ein anna plass. Det er altfor stort for denne lille leiligheta. Så om ingen vil kjøpe det, setter eg det i boden og lagrar det til vi får hus:-) 

Jada, så når kl ringte kl 08 orka eg ikkje tanken på å stå opp siden eg har fri og skal hente meg litt inn før eg skal jobbe lange dagar i heile påsken. Så det har vert eit rolig morning med chia og havregrynsgraut og mange kaffikoppar. Og kos med babe♥ (yngste katten).

 

 



 

Håpar dikka får ein fin dag ♥ Dei fleste har vel påskeferie no ? 

 

 

//AMALIE//

 

 



 

gladlaks

 

HEI mine fine! ♥

 

I helga har vi vert hos mammaen og stepappaen til samboeren min i Sør Odal. Heilt fantastisk å komme dit og slappe av og koble ut. Eg blir heilt rolig i sjela når eg er der. Ingen stress, ingen naboa. Landet♥ Drømmen vår er å ta over huset der innen 5 år og det ser ut som den drømmen kan bli virkelig. 

Eg satt i over 1 time og berre såg ut vinduet når eg var der i helga. Kaffien blei kald fordi eg glømte den heilt vekk og drømte meg vekk. Eg likar bylivet, men eg skal aldri slå meg til ro for alltid i ei leilighet i Oslo, det er berre greit. 

Eg har så utrulig mykje å sjå fram til. Eg føler meg så heldig. No har eg nett kjøpt meg ny bil, det har eg hatt lyst på ei stund. Då kan vi køyre nærmare naturen oftare, reise på spontane turar, reise oftare heim osv. Det blir bra♥ Eg føler meg mykje friare med bil. 

Vi er ferdige å pusse opp det vi hadde på planen i leiligheta. Tenk, no kan eg faktisk slappe av litt meir og kose meg. Og jo, det blir mykje blogging sjølvom eg ikkje skal pusse opp så mykje. Golvet på soveromet skal foressten malast no før sommaren og verandaen skal innredast. I helga var vi innom Hageland på Ullern og handla inn potter osv til blomster♥

Eg reiser til Fillipinnene om mindre enn 2 veker! Det har ikkje gått opp for meg enda at eg skal dit. Det bli heilt fantastisk! Og dikka blir selfølgelig med på reisa, eg skal ta så mange bilder og oppdatere dikka så ofte eg kan. 

Også er det Balejazz. Det er eit stort arrangement med konsertar og mykje morro der eg kjem fra. Då får eg treffe familie og venner som eg ser så sjelden♥

 

Jada, så eg er ein gladlaks om dagen! Eg håpar dikka har det like bra som meg♥

 

 

 

//AMALIE// 



 

MANDAGENS OPPSKRIFT - Kyllingrett

 

 

 

Eg tenkte å begynne å lage eit oppskriftsinnlegg ein gang i veka. Korleis dag som er best veit eg ikkje enda, men siden det er Mandag idag så blir det Mandaga framover. Eg skal prøve å holde det. Eg er ei jente som er veldig glad i både å ete og lage mat. Det meste er sunt fordi eg velger å ha ein sunn livsstil. 

 

KYLLING MED BASILIKUMDRESSING OG SØTPOTET

 

Du trenger: 

brokkoli

søtpoteter

1 fersk basilikum

fetaost

soltørka tomata i olje

kyllingfilet

krydder(salt, pepper, chili explotion)

 

Først deler du søtpotetene i strimler som her. Ha på olje og krydre godt. Eg steiker dei på 200 gr midt i ovnen i ca 20 min.

Imenst dei steiker seg gode i ovnen begynner du på dressingen. Dette er så og for seg ikkje ein dressing, men den skal blandast med kyllingen.

Her brukte eg 1/2 krukke fetaost, 5 ss med soltørka tomata, litt olje og 1 fersk basilikum

Stavmiks detta veldig godt til det ser slik ut. 

No kan du dele opp brokkolien i buketta og koke den i 4 min. 

Del kyllingfileten i terningar og steik i steikepanne. Heilt på slutten av steikinga tilsetter du "dressingen" og lar denne bli skikkelig varm. Deretter tilsetter du den kokte brokkolien. 

Eg skulle selfølgelig ha tatt eit bilde av det ferdige resultatet på fatet, men eg var så svolten at eg glømte det .... rett og slett ;-) Men fy søren så godt detta er! Masse masse smak, sunt og næringsrikt. 

 

Eg blir glad om du prøver noke av dei oppskriftene eg gir og gir tilbakemelding.

 

God Mandag videre ♥

 

 

//AMALIE //

 

 






 

 

13.03.2016

 

 

Det kjennes på kroppen at det er Søndag og at giftstoffer har blitt inntatt denna helga. Men fy søren så gøy vi har hatt det! Igår kom enda ei veninne fra vestlandet på overnatting. Då var vi tre jenter fra Sogn som tok byen med storm igår. Frukosten er intatt så no står vel avslapping neste på lista. 

Håpar dikka har det bra ♥ Eg ville berre innom for å sei hei.

 

 





 

 

//AMALIE//

BADET FØR OG ETTER

 

 

GOD LØRDAG!♥

Natta blei litt lenger enn planlagt igår. Vi reiste ut på byn og hadde det veldig kjekt - som alltid når vi to er ute :-) Så no sitter vi i deilige joggekle og venta på at blåbærpaien skal bli ferdig stekt. Det luktar ein blanding av deilig nytrekt kaffi, kanel og blåbær i heile leiligheten. Vi er klare for ein ny dag ! 

 

Uansett, over til overskrifta. Badet vart heilt ferdig igår. Dei skulle egentlig gjer resten ferdig idag, men eg slo på sjarmen og spurte om dei kunne vere så snille å bli ferdig igår siden eg har besøk i helga. Snille som dei er, gjorde dei det med eit smil. Dei fekk med ein dunk med god rødvin av meg som takk for at dei gjorde det. 

 

FØR: 

 

 

ETTER: 





 

Ha ein fin dag, så snakkes vi plutselig ♥

 

//AMALIE//
 

Det begynner å ta form

 

 

FREDAG! 

 

Endelig vart det Fredag og frihelg! Eg har fått besøk av ei veldig god veninne fra Sogn som skal vere her til Mandag. Ho kom igår. Det er heilt hærlig å ha ho her♥ 

No begynner det virkelig å ta form på badet. Det er nesten ferdig og eg kan nesten ikkje vente med å stæsje med tinga eg har kjøpt på Home&Cottage. Det blir ein fryd å prøve dusjen ikveld. 

 

 



 

Gleda meg faktisk til å rydde her! haha! Vaskemaskina står så og sei forrann alt her. 

 

Ha ein kjempefin Fredag og nyt den kor henn i landet du er! ♥

 

 

//AMALIE//

 

Bathroom in progress

 

 

 

 

Klokka 09 ringte det på døra og to kjekke kara sto på døra og ville flislegge badet mitt. "Ok" sa eg og smilte:-) 

Dei er altså så effektive at eg er heilt imponert. Effektive og dyktige. Eg må jo følge med litt på arbeidet ;-) Det at dei har vert så snille, hyggelig og flinke idag har gjort til at det veger opp for at dei ikkje møtte opp igår. Det gjer ingenting når dei gjer igjen for det idag. 

Så sånn ser det altså ut etter 2 timers jobb fra dei. fortsettelse følger. 

 

Ha ein fin dag ♥





 

Les mer i arkivet » April 2016 » Mars 2016 » Februar 2016
hits